13. mar, 2016

Samfunnsøkonomisk motvind

 

Kvifor er vindmøller dårleg samfunnsøkonomi? Av di dei kostar så mykje og gjev så lite.

Av Jon Hustad, journalist i Dag og Tid

Statkraft har etter mykje om og men og opphavlege nei kome til at dei likevel vil nytta 11 milliardar kroner på å byggja ut ein vindkraftpark på Fosen nord om Trondheimsfjorden. Vindparken vert Europas største, men samfunnsøkonomar flest og mange miljøvernarar med dei er alt anna enn nøgde med planane.

Så kva er det som er så gale med vindmøller?

Lat oss sjå på motargumenta. Dei heiter fyrst og fremst subsidiar, og subsidiar er stort sett å øyda ressursar.

Når ein byrjar på studiet i samfunnsøkonomi, plar ein verta presentert for eit lukka miljø, typisk Robinson på ei aud øy som vil ha bananar. Men i Noreg er bønder eit betre døme. Tenk deg at du er mjølkebonde og leverer til ein stor by, at denne byen er den einaste marknaden, og at du er den einaste leverandøren. Folket i byen må betala 10 kroner per liter mjølk, og då går du med 1 krone i overskot per liter.

Så finn leiaren for eit parti i byen ut at denne prisen er for høg. Vedkomande går til val på at om partiet hans får makta, skal mjølk berre kosta 7 kroner literen. Dette partiet vinn valet og skrid straks til verket. Dei byggjer ein ny mjølkegard som leverer mjølk til 7 kroner literen. Du freistar å konkurrera, men du greier ikkje å få kostnaden per liter mjølk under 7 kroner. Du går konkurs.

MJØLKESKATT No er den offentlege mjølkefarmen den einaste mjølkeleverandøren til byen. Denne mjølkefarmen vert ikkje så godt driven, sidan han vert eigd av byen og ikkje ein einskildperson som vil ha profitt. Men mjølk må folk ha, så partiet aukar skattenivået i byen. For kvar liter mjølk som vert seld, må dei ha inn fem kroner ekstra i skatt. Desse fem kronene vert kravde inn saman med den generelle byskatten. Få legg merke til at skatten går litt opp, og at den reelle kostnaden ved å produsera 1 liter mjølk ikkje er 7 kroner, men 12 kroner.

År etter år vert den offentlege mjølkegarden litt dårlegare driven, kvart år går byskatten opp med nokre øre. Ja, folket i byen må framleis berre betala 7 kroner per liter, men levestandaren vert for kvart år som går, litt lægre enn han kunne ha vore om du framleis hadde drive mjølkefarmen.

GRØN SKATT Den auka byskatten heiter i Noreg «grøne sertifikat», og det er desse sertifikata som gjer at Statkraft byggjer ut vindparken på Fosen. Statkraft vert elles eigd av deg og meg og svarar til den offentlege mjølkeleverandøren til byen. Skal Statkraft gå i balanse per kilowattime (kWh) dei produserer på Fosen, må dei få rundt 55 øre per kWh dei komande femten åra. Det får dei truleg ikkje; den langsiktige prisen per kWh pendlar rundt 25 øre på kraftbørsane. Det er her dei grøne sertifikata kjem inn. Dei vert lagde på straumprisen som hushalda i Noreg betaler (industrien er unnateken), og så får Statkraft denne ekstrabetalinga. Sagt på ein annan måte: Per kWh dei produserer på Fosen, får Statkraft 30 øre i subsidiar frå norske forbrukarar.

Grøne sertifikat er altså skatteauke. Denne skatteauken dukkar ikkje opp på noko statsbudsjett, og dimed kan Stortinget seia at dei ikkje har auka skattane, jamvel om det er nett det dei har gjort. Grøne sertifikat er «mjølkeskatt» med eit anna namn. Desse sertifikata vert utbetalte i femten år frå produksjonen byrjar, og isolert sett vil truleg ordninga med grøne sertifikat kosta dei norske hushalda rundt 40 milliardar kroner fram mot 2035. Men det er berre ein brøkdel av soga.

IKKJE SJÅ TIL SVERIGE Grøne sertifikat er ei fellesordning mellom Noreg og Sverige. Noreg knytte seg til den svenske ordninga i 2012, og til saman skal norske og svenske skattebetalarar subsidiera fram vel 26 TWh på dei åtte åra mellom 2012 og 2020. Auken i straumforbruket i området i åra mellom 2000 og 2010 var elles berre på vel éin TWh. Det meste av subsidiane har gått til ny vindkraft i Sverige; dimed har norske skattebetalarar subsidiert mykje av denne nye svenske vindkrafta.

Grunnen til at det meste av subsidiane har gått til svenskane, er at dei hadde betre avskrivingsreglar enn norske produsentar. Dette lika ikkje olje- og energiminister Tord Lien, og i fjor fekk han Stortinget til å vedta nye avskrivingsreglar: Statkraft kan etter dei nye reglane no avskriva heile vindparken på fem år. Enkelt sagt, dei kan skriva av 11 milliardar på skatten dei komande fem åra om dei kjem i gang med utbygginga i år.

I reine grøne sertifikat vil Statkraft truleg få rundt 500 millionar i subsidiar per år dei komande femten åra. Det vert 7,5 milliardar i tillegg til at dei kan skriva av 11 milliardar på skatten på fem år. Så kunne vi vona å få att ein del av desse pengane gjennom auka utbyte til staten, sidan staten eig Statkraft. Det kjem neppe til å skje. Truleg vil vindparken føra til lægre utbyte.

HYDRO FÅR PENGANE Det er Norsk Hydro som skal kjøpa vindkrafta. Hydro byggjer eit nytt aluminiumsanlegg på Karmøy. Kostnaden ved dette prosjektet er på 4,3 milliardar, og anlegget er tungt subsidiert av deg og meg. I utgangspunktet er det ikkje lov til å subsidiera næringslivet innanfor EØS og EU, men EU har gjeve unnatak for klimasubsidiar. Dimed har staten via ENOVA kunna gje Hydro 1,6 milliardar i støtte for å byggja nytt anlegg på Karmøy.

Vi veit ikkje kor mykje Hydro skal betala Statkraft for den nye krafta frå vindparken på Fosen, sidan prisen er ein forretningsløyndom, men truleg ligg prisen per kWh på rundt 25 øre. Hydro slepp elles å betala noko av dei grøne sertifikata, sidan hushalda skal betala heile rekninga.

Problemet er berre at vindkrafta frå Fosen ikkje er stabil.

Når det ikkje blæs, kjem det null kWh frå Fosen. I avtalen med Statkraft har difor Hydro fått inn at når vinden ikkje blæs, skal Agder Energi, som òg er offentleg eigd (kommunane i Agder eig 55 prosent, Statkraft 45 prosent), levera magasinkraft. Ei alternativ nytte av denne vasskrafta frå Agder kunne vore leveransar til kontinentet. Også på kontinentet har det vorte bygt ut mykje subsidiert vindkraft, også på kontinentet er det av og til vindstille. Når det er vindstille, går prisen på straum kraftig opp, og Agder Energi kunne ha fått godt betalt for straumen i utlandet i staden for å selja han billeg til Hydro. Sidan Statkraft eig nesten halvparten av Agder Energi, får dimed staten, altså vi, lægre utbyte frå Statkraft grunna vindparken på Fosen.

SUMMERT OPP Då kan vi summera opp: Statkraft byggjer ut for 11 milliardar, som dei skriv av på fem år. Dei får i tillegg 7,5 milliardar i grøne sertifikat, og på toppen får vi mindre i utbyte og i skatt. Men det stoggar ikkje med Statkraft og Agder Energi. 90 prosent av all norsk kraftproduksjon er eigd direkte av kommunane og staten; indirekte eig vi meir sidan vi eig mykje av Hydro, som i sin tur eig mesteparten av dei resterande 10 prosentane. Sidan vindparken på Fosen produserer ny kraft, vil prisen på den gamle magasinkrafta gå ned. Statistisk sentralbyrå har rekna seg fram til at dei offentleg eigde kraftverka kjem til å betala eigarane rundt 20 milliardar mindre i året enn dei elles ville ha betalt utan ordninga med grøne sertifikat.

Det er òg ei anna kostnadsside ved vindparken og grøne sertifikat. Vindparken på Fosen gjer at straumnettet må byggjast ut for å handtera den auka kraftproduksjonen. Dimed går nettleiga til forbrukarane opp. Samla sett fører truleg all den nye krafta via grøne sertifikat til at nettet må graderast opp for 200 milliardar. Mesteparten skal betalast av norske hushald via nettleige.

KLIMAREKNESKAP Kvifor gjer så politikarane dette mot oss? På grunn av klimaet. Problemet er berre at klimavinsten er høgst tvilsam.

Noreg er i utgangspunktet verdsleiande i fornyeleg energi. All magasinkrafta gjer at 70 prosent av norsk energikonsum er fornyeleg, mot knapt 20 prosent i EU (mykje av den fornyelege krafta i EU er rett nok produsert av trevirke som er importert frå andre kontinent og som fører til høgre utslepp der, men det er ei anna soge). Når Noreg aukar energiproduksjonen, går prisen på energi ned, ikkje berre prisen på vasskraft og vindkraft, men òg prisen på fossil energi. Det er ein direkte konsekvens. Men det er òg slik at når prisen på energi og kraft går ned, vert det mindre lønsamt for forbrukarane og ikkje minst industrien å redusera bruken av all energi. Når Hydro får direkte subsidiar frå staten og indirekte via grøne sertifikat og Statkraft, så har dei færre incitament til å redusera energibruken. Det same gjeld for hushalda. Det er ikkje lønsamt å bruka mindre kraft i Noreg. Dimed pålegg staten forbrukarane å isolera nye hus for svært mange milliardar, ein annan skatt som heller ikkje er synleg på statsbudsjettet. I staden for at norsk industri og norske forbrukarar får auka avgifter på fossile utslepp, som hadde gjeve statskassa auka skattar, pålegg staten oss heller utgifter for fleire hundre milliardar, utgifter som fører til lægre velstand og lægre skatteog utbyteinntekter.

ALTERNATIV BRUK Men om vi som samfunn insisterer på å produsera meir fornyeleg energi via subsidiar, er vindkraft den luraste metoden? Det er òg tvilsamt. CO2-avtrykket til vindmøller er stort. Dei krev store mengder sement og stål. 70 prosent av den globale stålproduksjonen vert laga ved å nytta kol. I tillegg går det med store mengder kopar. Og på toppen kjem bruken av sjeldsynte mineral, som er stor i vindmølleproduksjonen. For kvar norsk vindmølle som vert sett opp, grev Kina, som kontrollerer det meste av sjeldsynte mineral, ut stadig meir av slike mineral i Afrikas jungel. Om vi fyrst vil nytta pengar til ny kraft, hadde bygging av nye magasin vore mykje meir klimavenleg.

Kvifor byggjer så Statkraft vindparken på Fosen? Eit svar kan vera at næringsministeren truga med å trekkja ut 10 milliardar av eigenkapitalen om dei ikkje bygde.

Ei vindmølle varer elles berre i tjue år.

"Om vi fyrst vil nytta pengar til ny kraft, ville bygging av nye magasin vore mykje meir klimavenleg."

Dag og Tid: 11. mars 2016.