3. aug, 2014

Vindkraft - eit tapssluk for oss alle

Norsk vindkraft er ulønsam og skadar økonomien i offentleg eigde selskap som investerer i den. Slik det er i dag kan ikkje vindkraft i Noreg ein gong karakteriserast som økonomisk risikosport – det er samfunnsøkonomisk sjølvpining.

 

SFE (Sogn og Fjordande Energi AS) har nyleg auka delen sin i vindkraftselskapet Vestavind Kraft til 56 prosent. Dermed aukar og SFE sin økonomiske risiko ved vindkraft. I 2013 betalte SFE eit utbytte på 101 millionar til dei kommunale eigarane. Ei av dei viktigaste årsakene til at SFE har kunne betale slike gode utbytte er at dei enno ikkje har gjort større investeringar i vindkraft. Byrjar SFE å byggja vindkraftverk kan det fort bli slutt på gode utbetalingar til eigarkommunane. Vi ser alt no klare tendensar til tap på vindkraft i årsrekneskapen for 2013 der SFE måtte nedskrive verdiar for 11 millionar for Vestavind Kraft og Bremangerlandet Vindpark.

            Vestavind Kraft eig seks aktuelle vindkraftprosjekt i Sogn og Fjordane. Blant dei er Okla (Stadlandet), Bremangerlandet og Guleslettene døme på kraftverk som vil medføre store naturøydeleggjande inngrep.

            Ifølgje NVE kostar det 50-60 øre å produsere ein kilowattime vindkraft. Noreg hat i snitt eit årleg kraftoverskot på 4 TWh, og den felles kraftmarknaden i Norden går mot eit kraftoverskot som kan bli 50 TWh innan 2020. Ny vindkraft må difor reknast som overskotskraft som må eksporterast. I dag blir overskotskrafta vår seld på den europeiske kraftbørsen til ein pris omkring 20 øre. Kraftanalytikarane ser lite håp om auka kraftpris dei neste åra. Prisdifferansen må vi som forbrukarar betale i form av elsertifikat, og kommunane og samfunnet må godta reduserte inntektar frå dei kommunale og statlege kraftselskapa når dei tapar pengar. I tillegg må forbrukarane også betale mykje høgare nettleige for nytt kraftnett til framføring av vindkrafta – som altså skal eksporterast til utlandet.

            Det går ikkje bra med vindkraftverka i Noreg. Verst ute er truleg NTE (Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk) som har tapt minst ein halv milliard på Hundhammerfjellet. Mange har kanskje og høyrt om det store underskotet og verdinedskrivingane i Troms Kraft i det siste. Ein god del av dette skriv seg frå det tapsbringande vindkraftverket Fakken. I Finnmark har både Kjøllefjord og Havøygavlen gått med dundrande underskot dei siste sju åra. Vindkraftverket på Høg-Jæren, som fekk over ein halv milliard i offentleg støtte, har tapt 3-4 millionar kvart år dei tre åra det har vore i drift. Flaggskipet blant norske vindkraftverk var lenge Smøla. Avisa Tidens Krav skreiv i august 2012 at Smøla fekk ei særdeles generøs byggjestøtte frå staten på 883 millionar. Etter 10 års drift hadde ikkje eigaren, Statkraft, ein gong tent inn halvparten av støtta. Dette viser at vindkraft ikkje er lønsamt utan tunge subsidiar og støtteordningar, og jamvel då, går nesten alle vindkraftverka med underskot. Tap frå vindkraftverk vil strupe utbetalingane frå kraftselskapa til kommunane.

            Ein må spørja kvar fornufta er i å byggja ut forbrukarsubsidiert, tapsbringande vindkraft, og med det rasere ubetalelege felleverdiar i form av fri og storslegen natur? Kanskje SFE kan gjera både seg sjølv, kommunane og folket ei teneste ved å leggja vindkraftverka på hylla? SFE bør konsentrere seg om vasskraft som er det deikan – og då i fyrste omgang effektivisering av gamle kraftverk.

 

Debatt: Sveinulf Vågane, Sogn Avis 24. juli 2014.