2. jun, 2015

Raude tal for Midtfjellet vindkraft

Første heile driftsår for Midtfjellet Vindkraft AS enda med 22 millionar i minus. Låge kraftpriser gjer at dagleg leiar Erik Mortensen ikkje har tru på det blir gjort vedtak om utviding av vindparken i år.

 

Hilde Vormedal Nybø, Sunnhordland, 1. juni 2015.

 

Midtfjellet går i sitt første fulle driftsår på ein økonomisk smell. Produksjonen på dei 44 turbinane i vindparken var på totalt 320 GWh, noko som har gjeve dryge 110 millionar kroner i inntekter for kraftsal. Men med over 770 millionar kroner i gjeld og over 40 millionar kroner i finansutgifter, er det langt frå tilstrekkeleg til å halde verksemda på rett side av nullen.

 

Lågare produksjon

Ordinært resultat før skattekostnad endar på minus 22 millionar kroner. Men på grunn av utsett skattefordel kan verksemda gjera opp året med eit årsresultat på minus 16 millionar kroner. I årsmeldinga skriv Midtfjellet Vindkraft at fjorårets produksjon er 27 GWh mindre enn han burde vera i eit normalår. Årsaka er delvis ein planlagt stans i samband med installasjon av ein treviklingstransformator og utfall av 300 kV-linja. Deler av stansen skuldas teit uhell i samband med ein test av turbinane. Dette gjorde at 17 turbinar blei stoppa. Erik Mortensen seier at det er vanskeleg å slå fast kor mykje produksjon som gjekk tapt som følgje av den utilsikta turbinstansen.

 

Usikker marknad

- Men med estimerer dette til cirka 4 GWh, sidan det var i ein periode med god vind. Hendinga skjedde i samband med prosjektaktivitet som førte til «sikringsbrot» i fleire turbinar, seier Mortensen, som seier vidare at dette gjorde at dei måtte venta på reservedelar.

- Eit grovt anslag over alle planlagde og uventa driftsforstyrringar, som ein må rekna med det første driftsåret, viser likevel ein kalkulert årleg produksjon tilsvarande forventingane, seier Mortensen.

I årsmeldinga kjem det fram at selskapet sjølv vurderer marknadsutviklinga som usikker.

- Er det mogeleg å seie noko om kva kraftpris ein må ha for at Midtfjellet skal gå i pluss? Er det politiske avgjerder som vil vera avgjerande?

Det er summen av kraftpris og elsertifikat som er avgjerande. Dagens nivå på låge priser i sum, om lag 40 øre/kWh, gir plussresultat. Det er mei reit marknadsspørsmål enn eit politisk spørsmål, men klimapolitikken i EU vil kunne bety mykje, seier Mortensen. I årsmeldinga står det vidare at vindkraftverket på Midtfjellet nå står fram som eit komplett anlegg, med høg forvanta tilgjengelegheit, og det er difor i posisjon til å skapa verdiar i åra framover.

 

Utset utviding

Midtfjellet har planane klare for ei fortetting og utviding av talet på vindmøller. Johannes Koløen, som er styremedlem i Midfjellet Vindkraft, sa til Sunnhordland tidlegare i år at dei vurderte å gå ned frå 12 til 8 nye møller, og i staden auka høgda på kvar mølle til 100 meter. Dagleg leiar Erik Mortensen seier at resultatet for 2014 ikkje har noko innverknad for avgjerda om utbygging. Men han har ikkje tru på at klarsignalet til vidar utbygging vil komma i år.

- Dei driftsmessige forhold ligg til rette for ein utbygging. Men det låge og usikre prisnivået gjer at ein investeringsvedtak neppe kjem i år, seier Mortensen.

 

Konfidensielt

I årsmeldinga kjem et fram at selskapet hadde 18,475 millionar kroner i kostnader som avvikar frå normal drift. Dette er delvis utgifter til den nye transformatoren som hadde ein kostnad på 13,2 millionar kroner. I tillegg kjem mellom anna sluttoppgjer mot grunneigarar. Erik Mortensen vil ikkje seia noko om kva beløp som er utbetalt til grunneigarane.

- Me har avtalt at dette er konfidensielt, og det vil me respektera, seier Mortensen.